Kolbjørn Stuestøl skreiv 12.05.2021 22:11:
Takker for innspela.
Alltid gode svar på denne lista :-)
Etter det eg har forstått, skal "Word Joiner" brukast som eit menyval.
Ja, eg finn valet som «Set inn → Formateringsmerke → Inga breidd, utan linjebryting» i LibreOffice 7.1.3.2.
Det er jo ganske forståeleg. Men dei har kanskje endra namnet i nyare versjonar, sidan det er «word joiner» som er kjend for folk som brukar teiknet? Eg har ikkje nyare versjon av LibreOffice, så eg kan ikkje sjekka.
Det er inga forklaring i hjelpetekstane til LibreOffice på namne.
Jo. På https://help.libreoffice.org/7.2/nn/text/shared/01/formatting_mark.html står det:
Word Joiner Set inn eit usynleg mellomrom i eit ord. Dette mellomrommet gjer at heile ordet vert halde saman utan å verta delt på slutten av ei linje.Dette er berre tilgjengeleg når kompleks tekstutforming (CTL) er slått på.
Det er eigentleg ei ganske misvisande forklaring. Det set jo ikkje inn eit mellomrom i det heile teke. Heile poenget er jo at teiknet ikkje tek opp plass. Men det står det same på engelsk:
Word Joiner Inserts an invisible space within a word that will keep the word together at the end of a line. Available when complex text layout (CTL) is enabled.