Tysdag 24. juli 2007 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Det ein bør gjera, er derfor heller å kjøra «msgmerge -U» på .po-filene våre, saman med dei *oppdaterte* .pot-filene, (kvar gong) før ein legg dei inn i KDE-SVN. Dette bør sjølvsagt automatiserast.
Eg har no gjort dette:
– Bytt struktur i Skulelinux til to mapper: «kde3-stable» og «kde3-trunk». – Lagt inn nye og oppdaterte malar, og fjerna utdaterte. – Oppdatert alle omsettingsfilene (.po), både for nynorsk og bokmål og «trunk» og «stable».
Det er forferdelig mange endringar, både i nye, flytta og sletta filer og mapper, so det kan ta litt tid neste gong de tar «svn up».
Elles er det berre å begynna å omsetta, hovudsaklig i «kde3-stable».
Eg har ikkje skrivetilgang til KDE sin SVN, so innmelding av omsettingsfilene får Alexander Nicolaysen Sørnes eller Gaute Hvoslef Kvalnes ta seg av. Hugs å sletta alle filer i KDE som ikkje finst i Skulelinux. Eg trur det var eindel utgamle, ubrukte filer.