* Alexander Rødseth (26. des 2007 21:16):
vertex : punkt (det er ikke nødvendigvis et hjørne, og det føles mindre naturlig å si "node")
edge : koblingslinje (det er ikke nødvendigvis en kant i den forstand jeg kjenner ordet "kant")
Ein 3D-modell er i prinsippet eit polyeder, og skjeringslinene mellom sideflatene heiter kantar på norsk. Det kompliserer saka litt at polyederet er modellert som eit maskenett der to tilgrensande masker (polygon) i kan liggja i same plan slik at det ikkje oppstår noka skjeringsline eller kant i polyederet, men lina er framleis ein kant i dei to polygona som møtest der. Eg ser ingen grunn til å finna opp ny terminologi her.
Skjeringspunkta mellom kantane i eit polyeder heiter hjørne, i ein graf heiter dei nodar. På engelsk kan "vertex" brukast om begge typar punkt, men det må ikkje få oss til å tolka "vertex" i denne samanhengen som eit uttrykk frå grafteorien. Rett nok kan maskenettet sjåast som ein graf, men ikkje omvendt, ein graf kan ikkje skildra eit tredimensjonalt maskenett. Igjen kompliserer det saka litt at maskenettet kan ha tilgrensande masker som ligg i same plan slik at det kan vera skjeringspunkt som ikkje er hjørne i polyederet, men dei er framleis hjørne i polygona i maskenettet. Eg meiner me bør halda oss til innarbeidd terminilogi, dvs. "hjørne".
Det som forvirra meg var at eit hjørne (vertex) kunne ha ein normalvektor. Dette gjev ikkje geometrisk meining, men etter å ha undersøkt litt meir viser det seg at det slett ikkje er ein normalvektor men eit misvisande namn for ein vektor som blir brukt i Gouraud shading-algoritmen (som jamnar ut overgangane mellom polygona i maskenettet).
face : flate
Eller sideflate. Det er sikkert OK å bruka berre "flate" der det ikkje kan misforståast.
Erik