Skal vi standardisere på «opplysning» eller «opplysing» i nynorskomsetjingane?
Eit sitat seier: «På begge målformer viser ofte verbalsubstantiv som endar på -ing, til ei handling, mens dei tilsvarande som endar på -ning, fortel om resultatet av handlinga. Det vanlegaste eksempelet er bygging og bygning. I lærebøker er oppbygging om det å byggje opp noko og oppbygning om struktur eit vanlegare tilfelle. Eit anna par som følgjer mønsteret, er bokmål forurensing/forurensning (på nynorsk dekkjer ureining begge tydingane).»
Elles har vi pleidd å bruke -ing-endingar, så spørsmålet er om dette ordet òg skal følgje den regelen, eller om det skal reknast som eit unntak.
Mvh Eirik U. Birkeland