Fredag 16. oktober 2009 skreiv Sigmund Hansen:
Dette at skolene skal godta en haug med ting som ikke er riktig nynorsk og ikke godtas ellers, gjør at nynorskordbøker kan bli litt vanskelige å bruke. :-(
Det er ei misvisande framstilling. Heile nynorsknormalen gjeld ikkje berre skuleelevar, men privatpersonar, verksemder, journalister osv. Det er i utgangspunktet det som er «hovudnormalen».
I tillegg har me ei innskrenking av denne, læreboknormalen, som skal brukast i lærebøker og av offentlig tilsette (når dei skrive offentlige dokument – på fritida kan dei godt bruka nynorsknormalen).
På bokmål har me ikkje lenger dette skiljet; der er alt no «hovudformer» (eller «klammeformer», om du vil). Likevel trur eg bokmålsomsettarane framleis held seg til dei tidligare «hovudformene» i omsettingane.