Kunne me tatt uttrykket "ta det på sparket" som kveikkjing? Dette uttrykket gjer det tydeleg at kampen ikkje er noko alvorstungt.
casual game -> på sparket
Her går me vekk frå biletet av spel, men samanhengen (i eit spel) gjer det likevel tydeleg at det er det det er snakk om.
Den 28. september 2026 22:25:17 CEST, skreiv Kjetil Torgrim Homme via l10n-no l10n-no@nuug.no:
Den 09.08.2026 15:13, skreiv Karl Ove Hufthammer via l10n-no:
Eg skal omsetja uttrykket «casual game» og lurer på kva eg skal kalla det på norsk. I ei lengre setning ville det kanskje vore naturleg å omtala det som enkelt «tidsfordriv» e.l., men i min samanheng vil eg helst ha med ordet «spel». Det skal stå saman med andre spelsjangrar, for eksempel actionspel og kortspel.
Eg ser Wikipedia på bokmål/riksmål kallar det «lettbeint spill», med alternativa «avslappet spill», «hverdagsspill» og «casual-spill». Dei nemner at eit «casual game» typisk har:
- Enkle spillmekanismer som er lette å forstå og lære.
- Enkelt brukergrensesnitt operert med få trykk eller klikk.
- Korte spillrunder, slik at et spill kan spilles i løpet av pauser i arbeidsdagen, på offentlig transport eller ventende i en kø.
- Ofte gjenkjennelige visuelle elementer, som gjenspeilinger av spillkort og bondesjakk.
Sjå https://no.wikipedia.org/wiki/Lettbeint_spill for meir forklaring.
Eg synest «lettbeint spel» er ei heilt okei omsetjing, men eg synest ikkje ho treffer /heilt/. Det er heller ingen kjelder i Wikipedia-artikkelen på at uttrykket er brukt på norsk, så det verkar å vera «funne opp» av artikkelforfattaren. I denne NRK-artikkelen https://www.nrk.no/kultur/xl/voksne-kvinner-spiller-mer-mobilspill-enn-menn-... brukar dei hovudsakleg det engelske omgrepet eller kallar det «småspill» (som er greitt, men ganske upresist).
Synspunkt? I utgangspunktet har eg tenkt å gå for «lettbeint spel», men viss det finst betre alternativ, så kom med dei!
Det finst òg eit relatert uttrykk, «casual gaming», og det kan vera greitt å få eit norsk uttrykk for dette òg.
eg hadde ein del e-post liggjande igjen frå ferien som eg ikkje hadde lese, men eg dristar meg til å meine noko no, 6-7 veker seinare :)
av alternativa du nemner, likar eg best "avslappa spel" (som er noko litt anna enn "avslappingsspel"). "lettbeint" verkar framand på meg.
om ein ser til klede og mote, er "casual wear" gjerne omsett til "kvardagsklede". "kvardagsspel" kling ganske godt i mine øyre. ein annan innfallsvinkel er som du er inne på i innleiinga, "tidtrøytespel".
-- venleg helsing, Kjetil T.