Eg skal omsetja uttrykket «casual game» og lurer på kva eg skal kalla det på norsk. I ei lengre setning ville det kanskje vore naturleg å omtala det som enkelt «tidsfordriv» e.l., men i min samanheng vil eg helst ha med ordet «spel». Det skal stå saman med andre spelsjangrar, for eksempel actionspel og kortspel.
Eg ser Wikipedia på bokmål/riksmål kallar det «lettbeint spill», med alternativa «avslappet spill», «hverdagsspill» og «casual-spill». Dei nemner at eit «casual game» typisk har:
* Enkle spillmekanismer som er lette å forstå og lære. * Enkelt brukergrensesnitt operert med få trykk eller klikk. * Korte spillrunder, slik at et spill kan spilles i løpet av pauser i arbeidsdagen, på offentlig transport eller ventende i en kø. * Ofte gjenkjennelige visuelle elementer, som gjenspeilinger av spillkort og bondesjakk.
Sjå https://no.wikipedia.org/wiki/Lettbeint_spill for meir forklaring.
Eg synest «lettbeint spel» er ei heilt okei omsetjing, men eg synest ikkje ho treffer /heilt/. Det er heller ingen kjelder i Wikipedia-artikkelen på at uttrykket er brukt på norsk, så det verkar å vera «funne opp» av artikkelforfattaren. I denne NRK-artikkelen https://www.nrk.no/kultur/xl/voksne-kvinner-spiller-mer-mobilspill-enn-menn-... brukar dei hovudsakleg det engelske omgrepet eller kallar det «småspill» (som er greitt, men ganske upresist).
Synspunkt? I utgangspunktet har eg tenkt å gå for «lettbeint spel», men viss det finst betre alternativ, så kom med dei!
Det finst òg eit relatert uttrykk, «casual gaming», og det kan vera greitt å få eit norsk uttrykk for dette òg.
Kanskje kvardagsspel, kvardagsspeling eller tidtrøyte? Ventespel? Pausespel? Eg synest ikkje «småspel» er så dumt heller.
Helsing
Eivind Ødegård
Den 09.08.2026 15:13, skreiv Karl Ove Hufthammer via l10n-no:
Det finst òg eit relatert uttrykk, «casual gaming», og det kan vera greitt å få eit norsk uttrykk for dette òg.
Den 09.08.2026 15:13, skreiv Karl Ove Hufthammer via l10n-no:
Eg skal omsetja uttrykket «casual game» og lurer på kva eg skal kalla det på norsk. I ei lengre setning ville det kanskje vore naturleg å omtala det som enkelt «tidsfordriv» e.l., men i min samanheng vil eg helst ha med ordet «spel». Det skal stå saman med andre spelsjangrar, for eksempel actionspel og kortspel.
Eg ser Wikipedia på bokmål/riksmål kallar det «lettbeint spill», med alternativa «avslappet spill», «hverdagsspill» og «casual-spill». Dei nemner at eit «casual game» typisk har:
- Enkle spillmekanismer som er lette å forstå og lære.
- Enkelt brukergrensesnitt operert med få trykk eller klikk.
- Korte spillrunder, slik at et spill kan spilles i løpet av pauser i arbeidsdagen, på offentlig transport eller ventende i en kø.
- Ofte gjenkjennelige visuelle elementer, som gjenspeilinger av spillkort og bondesjakk.
Sjå https://no.wikipedia.org/wiki/Lettbeint_spill for meir forklaring.
Eg synest «lettbeint spel» er ei heilt okei omsetjing, men eg synest ikkje ho treffer /heilt/. Det er heller ingen kjelder i Wikipedia-artikkelen på at uttrykket er brukt på norsk, så det verkar å vera «funne opp» av artikkelforfattaren. I denne NRK-artikkelen https://www.nrk.no/kultur/xl/voksne-kvinner-spiller-mer-mobilspill-enn-menn-... brukar dei hovudsakleg det engelske omgrepet eller kallar det «småspill» (som er greitt, men ganske upresist).
Synspunkt? I utgangspunktet har eg tenkt å gå for «lettbeint spel», men viss det finst betre alternativ, så kom med dei!
Det finst òg eit relatert uttrykk, «casual gaming», og det kan vera greitt å få eit norsk uttrykk for dette òg.
eg hadde ein del e-post liggjande igjen frå ferien som eg ikkje hadde lese, men eg dristar meg til å meine noko no, 6-7 veker seinare :)
av alternativa du nemner, likar eg best "avslappa spel" (som er noko litt anna enn "avslappingsspel"). "lettbeint" verkar framand på meg.
om ein ser til klede og mote, er "casual wear" gjerne omsett til "kvardagsklede". "kvardagsspel" kling ganske godt i mine øyre. ein annan innfallsvinkel er som du er inne på i innleiinga, "tidtrøytespel".
Kunne me tatt uttrykket "ta det på sparket" som kveikkjing? Dette uttrykket gjer det tydeleg at kampen ikkje er noko alvorstungt.
casual game -> på sparket
Her går me vekk frå biletet av spel, men samanhengen (i eit spel) gjer det likevel tydeleg at det er det det er snakk om.
Den 28. september 2026 22:25:17 CEST, skreiv Kjetil Torgrim Homme via l10n-no l10n-no@nuug.no:

-- venleg helsing, Kjetil T.
Vegard via l10n-no skreiv 29.09.2026 13:49:
Kunne me tatt uttrykket "ta det på sparket" som kveikkjing? Dette uttrykket gjer det tydeleg at kampen ikkje er noko alvorstungt.
casual game -> på sparket
Her går me vekk frå biletet av spel, men samanhengen (i eit spel) gjer det likevel tydeleg at det er det det er snakk om.
Uttrykket kan nok brukast uformelt i nokre samanhengar, men eg trur ikkje det fungerer godt nok generelt. Det inneheld ikkje ordet «spel» (sjølv om ein nok kunne skrive «på-sparket-spel»), så det passar ikkje godt saman med andre sjangernamn. Og det får ein vel lett til å tenka på fotballspel og liknande, så det kan vera meir forvirrande enn opplysande.
On Sun, Oct 4, 2026 at 3:06 PM Karl Ove Hufthammer via l10n-no < l10n-no@nuug.no> wrote:
Vegard via l10n-no skreiv 29.09.2026 13:49:
Kunne me tatt uttrykket "ta det på sparket" som kveikkjing? Dette uttrykket gjer det tydeleg at kampen ikkje er noko alvorstungt.
casual game -> på sparket
Her går me vekk frå biletet av spel, men samanhengen (i eit spel) gjer det likevel tydeleg at det er det det er snakk om.
Uttrykket kan nok brukast uformelt i nokre samanhengar, men eg trur ikkje det fungerer godt nok generelt. Det inneheld ikkje ordet «spel» (sjølv om ein nok kunne skrive «på-sparket-spel»), så det passar ikkje godt saman med andre sjangernamn. Og det får ein vel lett til å tenka på fotballspel og liknande, så det kan vera meir forvirrande enn opplysande.
Til informasjon: Jeg spiller på brettspillklubb. Der bruker vi uttrykket "småspel / småspill" og "pausespill" om ting som ikke tar så lang tid, og ikke har så krevende regler, som vi spiller mens vi venter på andre ting. Det brukes og uttrykket "familiespill" om denslags, men det er litt misvisende, mange av spillene er kortere men absolutt ikke for barn.
On Monday 05 October 2026 13:39, Cecilie Wian via l10n-no wrote:
Til informasjon: Jeg spiller på brettspillklubb. Der bruker vi uttrykket "småspel / småspill" og "pausespill" om ting som ikke tar så lang tid, og ikke har så krevende regler, som vi spiller mens vi venter på andre ting.
«Småspill» er en variant som også høres ut som kan brukes, ja.
Spillene som følger med KDE/Plasma som standard og bsd-games, hører til denne kategorien. (eksempelvis Kabal, Minesveiper, Shisen-Sho, KMahjongg)
Eg er ikkje nokon «spel(e)mann», men småspel verkar dekkande for meg. Eg har kabal og sudoku på telefonen og småspelar iblant når eg må vente ein eller annan staden og ingen å snakke med.
Den 05.10.2026 13:39, skreiv Cecilie Wian via l10n-no:
On Sun, Oct 4, 2026 at 3:06 PM Karl Ove Hufthammer via l10n-no l10n-no@nuug.no wrote:
Vegard via l10n-no skreiv 29.09.2026 13:49: > Kunne me tatt uttrykket "ta det på sparket" som kveikkjing? Dette > uttrykket gjer det tydeleg at kampen ikkje er noko alvorstungt. > > casual game -> på sparket > > Her går me vekk frå biletet av spel, men samanhengen (i eit spel) gjer > det likevel tydeleg at det er det det er snakk om. Uttrykket kan nok brukast uformelt i nokre samanhengar, men eg trur ikkje det fungerer godt nok generelt. Det inneheld ikkje ordet «spel» (sjølv om ein nok kunne skrive «på-sparket-spel»), så det passar ikkje godt saman med andre sjangernamn. Og det får ein vel lett til å tenka på fotballspel og liknande, så det kan vera meir forvirrande enn opplysande.Til informasjon: Jeg spiller på brettspillklubb. Der bruker vi uttrykket "småspel / småspill" og "pausespill" om ting som ikke tar så lang tid, og ikke har så krevende regler, som vi spiller mens vi venter på andre ting. Det brukes og uttrykket "familiespill" om denslags, men det er litt misvisende, mange av spillene er kortere men absolutt ikke for barn.
-- Cecilie Wian
"A ship is safe in harbor, but that's not what ships are for."
/- Grace Hopper / William G.T. Shedd/
l10n-no mailing list --l10n-no@nuug.no To unsubscribe send an email tol10n-no-leave@nuug.no
On Monday 28 September 2026 22:25, Kjetil Torgrim Homme via l10n-no wrote:
av alternativa du nemner, likar eg best "avslappa spel" (som er noko litt anna enn "avslappingsspel"). "lettbeint" verkar framand på meg.
om ein ser til klede og mote, er "casual wear" gjerne omsett til "kvardagsklede". "kvardagsspel" kling ganske godt i mine øyre. ein annan innfallsvinkel er som du er inne på i innleiinga, "tidtrøytespel".
Enig med Kjetil. Hverdagsspill høres ut som en brukbart norsk oversettelse.
«Lettbent» kan forvirre mer enn det opplyser. Det bør gå frem av begrepet hva det er snakk om.
Jeg er også enig i denne. “Hverdagsspill” er bedre og mer forklarende i mine ører, enn “lettbent” og “avslappingsspill”. Det ligger i ordet at det er et spill det er greit å spille for eksempel på bussen eller mellom aktiviteter, uten at man trenger å sette av mye tid.
(om denne mailen kom tidligere i delvis skrevet form så beklager jeg det. Jeg forsøker et nytt e-postprogram, og kom til skade for å trykke tastekombinasjonen for send uten å vite det)
“Johnny A. Solbu via l10n-no” l10n-no@nuug.no writes:
On Monday 28 September 2026 22:25, Kjetil Torgrim Homme via l10n-no wrote:
av alternativa du nemner, likar eg best “avslappa spel” (som er noko litt anna enn “avslappingsspel”). “lettbeint” verkar framand på meg.
om ein ser til klede og mote, er “casual wear” gjerne omsett til “kvardagsklede”. “kvardagsspel” kling ganske godt i mine øyre. ein annan innfallsvinkel er som du er inne på i innleiinga, “tidtrøytespel”.
Enig med Kjetil. Hverdagsspill høres ut som en brukbart norsk oversettelse.
«Lettbent» kan forvirre mer enn det opplyser. Det bør gå frem av begrepet hva det er snakk om.
Kjetil Torgrim Homme via l10n-no skreiv 28.09.2026 22:25:
Eg skal omsetja uttrykket «casual game» og lurer på kva eg skal kalla det på norsk. I ei lengre setning ville det kanskje vore naturleg å omtala det som enkelt «tidsfordriv» e.l., men i min samanheng vil eg helst ha med ordet «spel». Det skal stå saman med andre spelsjangrar, for eksempel actionspel og kortspel.
eg hadde ein del e-post liggjande igjen frå ferien som eg ikkje hadde lese, men eg dristar meg til å meine noko no, 6-7 veker seinare :)
Det er aldri for seint å svara her på e-postlista. Sjølv har eg komme med svar nesten 11 år etter siste melding[1]. Og snart er det jo òg Email Debt Forgiveness Day (https://emaildebtforgiveness.me/). :)
av alternativa du nemner, likar eg best "avslappa spel" (som er noko litt anna enn "avslappingsspel"). "lettbeint" verkar framand på meg.
om ein ser til klede og mote, er "casual wear" gjerne omsett til "kvardagsklede". "kvardagsspel" kling ganske godt i mine øyre. ein annan innfallsvinkel er som du er inne på i innleiinga, "tidtrøytespel".
Eg synest vel «tidtrøytespel» (ev. berre «tidtrøyte») seier litt meir om kva det heile går ut på, og «kvardagsspel» er ikkje heilt språkleg perfekt eller transparent (står det for eksempel i motsetning til «helgespel»?), men det er då *nokolunde* forståeleg. Og det er jo eit ord som har blitt brukt nokre gongar på nettet. Og me har også fleire «kvardags-»-ord på norsk, som kvardagskost, som er definert som «vanleg, enkel mat».
Og ikkje minst har me fått tre «stemmer» for «kvardagsspel» (du, Solbu og Dybing), så me kan gå for det. Eg legg det inn i fellesordlista.
[1] https://lists.nuug.no/lister3/hyperkitty/list/l10n-no@nuug.no/message/EHEBOY...