Sundag 25. november 2007 skreiv Børre Gaup:
Eg ser det samiske tastaturoppsettet har nokre tastebindingar det hadde vore fint å hatt på norsk òg:
key <AB09> { [ period, colon, ellipsis, periodcentered ] }; key <AB10> { [ minus, underscore, endash, emdash ] };
Ein kan altso skriva ellipsen (…) med «Alt Gr + .» og tankestrek med «Alt Gr + -». Dette er begge teikn som me brukar på norsk, og som ikkje er tilgjengelig med det vanlige norske tastaturoppsettet.
Det er fleire teikn det kunne vore fint å hatt tilgjengelig:
™ (Shift + AltGr + R) π (kor? µ ligg på «AltGr + M», men «AltGr + P» er opptatt)
Eg hadde tenkt å legga til “” og ‘’, men so oppdaga eg til mi glede at desse alt er tilgjengelige på «AltGr (+ Shift) + V/B». :-D På tide eg fant ut det; eg brukar teikna ofte.
Eg vil òg endra «Shift + AltGr + 5» frå ¢ til ‰, sidan dette er den logiske plasseringa, og ¢ er lett tilgjengelig på E-tasten.
Elles bør me ha − (minusteikn) tilgjengelig. Kan på «Shift + -» på det numeriske tastaturet? (Men kva er koden for dette?). Dei andre rekneoperatorane +×· og ÷ er alt tilgjengelige.
Treng altso forslag til kor π kan leggast, samt koden for «-» på det numeriske tastaturet.
Nokon andre som har teikn de av og til brukar (treng ikkje vera ofte), og som hadde vore fint å hatt tilgjengelig på tastaturet?