Torsdag 12. november 2015 21.47.40 skrev Karl Ove Hufthammer:
«Slider» er sett om til «glidebrytar» i fellesordlista. Men kva kallar me den knotten som me flyttar på på glidebrytaren? På engelsk heiter dette «slider thumb». Sjå illustrasjon på
http://brennaobrien.com/blog/2014/05/style-input-type-range-in-every-browser .html
Eg er freista til å kalla det «glidebrytarknott», men han kan ha ulike former:
http://www.androidtapp.com/wp-content/uploads/2012/05/Slider-Widget-Slide-to -adjust.png http://qwt.sourceforge.net/sliders.png
Bokmålsomsettinga av KDE brukar «glidebryterknapp».
Forslag? Synspunkt?
Eg antar ein har bruk for dette uttrykket kun i enkelte tilfelle. Normalt vil ein vel bruka glidebrytar, men når ein spesifikt skal referera til den biten ein kan ta tak i for å endra verdien synes eg «handtak» er ein god beskrivelse.
Dessutan meinar eg å ha sett det betegna «slider handle» - så eg kan ikkje ta mykje ære for forslaget mitt.
Track = spor eller bane?
PS: Ver grei og sjå mellom fingrane på språklege feil. Eg har berre hatt nynorsk som sidemål. Når eg vaks opp var det tradisjon at det i nynorskklassen (mest) bare var unger frå «bygda». Men eg øvar, i alle fall av og til...