Petter Reinholdtsen skreiv 12. sep. 2016 22:44:
Nye omsettarar er som alltid veldig velkomne. Der gjer me det på same måte – at dokker sender omsettingsfiler til meg som eg kontrollerer (teknisk og språkleg), og so sender inn til KDE-depotet (ev. etter nokre rundar med rettingar og forbetringar). Når de har vore aktive over tid og alt ser bra ut, er det ikkje noko problem å få direkte skrivetilgang. Send meg ein e-post for meir informasjon.
Hvis en ønsker å senke terskelen for å bidra, så anbefaler jeg å ta i bruk Weblate som webbasert oversetterverktøy, i stedet for å begrense seg til de som synes svn og git er greit å forholde seg til.
Dette er i så fall eit spørsmål du bør ta opp på KDE-lista. Men merk at emnet har blitt diskutert der fleire gongar før, og tilsvarande løysingar har blitt avvist. Framleis er nok Web-baserte plattformer svært lite effektive verktøy for omsetting.
Men for de som er interesserte i å bidra med omsetting, ver klar over at me i KDE har eit brukarvennleg verktøy for dette. Det raskt å læra (ein kan gjerne læra seg å bruka det på to minutt), og det er svært effektivt å arbeida med.
Jeg tror det er lurt å flytte vekk fra svn.skolelinux.no. Jeg håper på sikt å få lagt ned skolelinux.no-maskinene da prosjektet nesten utelukkende bruker tjenester fra debian.org og maskinene ikke lenger trengs for utvikling av Skolelinux. :)
OK. Det tar eg som éin stemme *for* flytting. Men korleis vert det då med oppdatering av fellesordlista vår (http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html) og dei andre nettsidene som me (berre) kan oppdatera via SVN?