Eivind Ødegård skreiv 14.04.2022 15:38:
- Castopod (https://castopod.org/), ei podkastløysing. Ferdig omsett i
dag!
Verkar som ei fin løysing for å legga ut podkastar. Og apropos:
For å *abonnera* på podkastar vil eg anbefala gPodder (https://gpodder.github.io/), som eg har har omsett til nynorsk. Programmet har òg ei ganske komplett bokmålsomsetting.
Og for å *lytta* til nedlasta podkastepisodar (eller andre lydfiler) på mobilen vil eg anbefala AudioAnchor (https://github.com/flackbash/AudioAnchor), som eg har omsett til nynorsk. Her finst det ikkje ei bokmålsomsetting.