On Thu, 2009-07-16 at 20:40 +0200, Kjetil Torgrim Homme wrote:
om ein skulle bruke sitatet, kunne ein hevde at "opplysing" er aktiviteten å opplyse noko, men "opplysning" er resultatet av aktiviteten. det høyrest logisk ut for meg, men eg nektar å tru at du klarer å finne ein einaste språkbrukar som gjer dette skiljet.
eg har ingen sterke meiningar om kva vi skal velje, eg tippar at eg vaklar i mine eigne skrivne tekster.
ved litt nærmare ettertanke, så fell det meg i hug at folk kan seiast "å drive med opplysing", så kanskje det *er* nokon som har dette skiljet (skal tru om dei også vil seie "drive med opplysningsarbeid"?). eg spurte min 79 år gamle far og målmann, og han ville alltid skrive "opplysning" når det er informasjon frå andre det er snakk om. at resultatet vert at vi brukar det samnorske "opplysning" er vel ikkje negativt, heller.