Eg ser ikkje Sjur sine innlegg i forumet. Ei interessant liste du har laga over eit utval hokjønnsord i dialekten din. Sjølv har eg også ei prøve (altså hokjønn) i min dialekt (stort sett frå Grimstad). Eg har likevel ikkje noko meining om kva kjønn som passar best.
Vi bør kanskje endre alle (stikk)prøvene til hokjønn? 1 stemme for hankjønn, 2 for hokjønn + mi «veit ikkje» :-). Held nå på med eit anna prosjekt, så det kan ta ei stund før eg eventuelt får endra dette. Mao. god tid til å tenke seg om.
Helsing Kolbjørn
Den 18.08.2021 22:51, skreiv Kjetil Torgrim Homme:
On Mon, 2021-08-09 at 10:20 +0300, Sjur Moshagen wrote:
Hei!
Eg røysta førre veke for _ei_ prøve, men det kan sjå ut som om meldinga mi ikkje kom gjennom. Kjem denne, tru?
begge kom gjennom. som sunnmøring stemmer eg også for hokjønn. på sunnmørsk er alle substantiv på -e hokjønn: ei kasse, ei maskine, ei potete, ei appelsine, osv.