Nokon sudokuentusiastar her på lista? Eg held på med å setja om spelet KSudoku til nynorsk, og kom der over omgrepet «cage», som vert brukt i sudoku-varianten killer-sudoku.
«Killer» er grei; det heiter visst «killer» på norsk òg. Det er utgjeve ei norsk bok med tittelen «Killer-sudoku» (https://www.cappelendamm.no/_killer-sudoku-vegard-hanssen-9788202260194), so den saka er klar. I denne sudoku-varianten har ein same reglar som i vanleg sudoku, men det er teikna inn visse felt («cages») som omsluttar cellene. Kvart felt har eit tal, og summen av siffera som inngår feltet må vera lik dette talet.
Spørsmålet er kva «cages» heiter på norsk. Svaret står sikkert i boka, men den boka har ikkje eg. Eg finn det naturleg å kalla dei felt, men «bur» er sjølvsagt òg ei løysing. Eller «område». Eller «boksar». Spørsmålet er altså ikkje kva det *bør* heita, men kva som no *vert* bruk som norsk term. Nokon som veit?