Nokon sudokuentusiastar her på lista? Eg held på med å setja om spelet KSudoku til nynorsk, og kom der over omgrepet «cage», som vert brukt i sudoku-varianten killer-sudoku.
«Killer» er grei; det heiter visst «killer» på norsk òg. Det er utgjeve ei norsk bok med tittelen «Killer-sudoku» (https://www.cappelendamm.no/_killer-sudoku-vegard-hanssen-9788202260194), so den saka er klar. I denne sudoku-varianten har ein same reglar som i vanleg sudoku, men det er teikna inn visse felt («cages») som omsluttar cellene. Kvart felt har eit tal, og summen av siffera som inngår feltet må vera lik dette talet.
Spørsmålet er kva «cages» heiter på norsk. Svaret står sikkert i boka, men den boka har ikkje eg. Eg finn det naturleg å kalla dei felt, men «bur» er sjølvsagt òg ei løysing. Eller «område». Eller «boksar». Spørsmålet er altså ikkje kva det *bør* heita, men kva som no *vert* bruk som norsk term. Nokon som veit?
Karl Ove Hufthammer skreiv 14. jan. 2016 19:59:

Fekk aldri svar på denne, så til orientering eg enda opp med å kalla det «bur» på norsk.
Den 31.01.2016 16:18, Karl Ove Hufthammer skreiv:
Karl Ove Hufthammer skreiv 14. jan. 2016 19:59:
Spørsmålet er kva «cages» heiter på norsk. Svaret står sikkert i boka, men den boka har ikkje eg. Eg finn det naturleg å kalla dei felt, men «bur» er sjølvsagt òg ei løysing. Eller «område». Eller «boksar». Spørsmålet er altså ikkje kva det *bør* heita, men kva som no *vert* bruk som norsk term. Nokon som veit?
Fekk aldri svar på denne, så til orientering eg enda opp med å kalla det «bur» på norsk.
Eg har diverre truleg oversett eller gløymd denne e-posten, kanskje fordi eg ikkje kjenner det spesielle spelet du viser til. Eg nøyer meg med å bruke blyant på sudoku-en i lokalavisa :-)
Truleg ikkje heilt det same, men i GIMP har eg omsett «cage transforming» med «bur-transformering». Funksjonen blir brukt til å teikne eit «bur» på biletet og deretter deformere biletet ved å deformere buret. Hovudårsaka til namnevalet var, etter det eg hugsar, at både boksar, område og andre liknande ord var brukte i svært mange andre ulike samanhengar i programmet.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
-- Karl Ove Hufthammer
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no