Karl Ove Hufthammer via l10n-no skreiv 02.06.2026 22:02:
Denne lista vert derfor snart lagd ned. Eller helst flytta.
Og no har eg sletta den gamle lista fullstendig. Og når denne var vekke, var det mogleg å setja opp automatisk vidaresending av dei ulike listesidene. Viss ein prøver å gå til ei av nettsidene for den gamle lista, vert ein no vidaresendt til tilsvarande side for den nye lista:
infoside → infoside arkivside → arkivside månadsarkiv → månadsarkiv enkeltmeldingar → tilhøyrande månadsarkiv
For eksempel fører adressa for den gamle infosida http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org til https://lists.nuug.no/lister3/postorius/lists/l10n-no.nuug.no/.%C2%A0Tilsvar... vidaresending er gjort for lista l10n-no-robot.
Det var ikkje mogleg å setja opp perfekt vidaresending for enkeltmeldingar, då nettadressene har heilt ulikt format i det gamle og det nye listearkivet. Men om ein hamnar direkte på rett månad og år, bør det vera rimeleg greitt å navigera seg fram til den aktuelle meldinga.
Vidaresendingane vert gjorde som «301 Permanently Moved» for alt utanom enkeltmeldingar, der «303 See Other» er brukt.
I praksis har ikkje vidaresendinga noko å seia for oss som medlemmar. Men det er nokre nettsider som har lenkjer til den gamle lista, og det er fint om desse lenkjene held fram med å fungera. (Lenkjer til lista frå ulike nettsider aukar òg sjansen for at ho dukkar i søkeresultat.)
I ulike søkemotorar (eks. Google og Bing) dukkar framleis den gamle lista opp. Men med statusmeldinga «301 Permanently Moved» vil desse søkemotorane forhåpentlegvis snart forstå at dei heller bør visa den *nye* lista i søkeresultata.