Tysdag 14. august 2001 09:48 skreiv Tarjei Vagstol:
konklusjonen min (som vart utelete, og soleis gjorde eposten meiningslaus) var at innanføre eitt og same program lyt ein vera konsekvent i val av jamstilte former. det er sjølvsagt.
Men når programma nyttar seg av felles ressursar (vanlege tekstar som er omsette på ein plass i staden for i kvart enkelt program), vert det lett rot. libc er ein slik ressurs.
Eg er elles glad for at det (sjølv i mitt fråver) er stemning for a-infinitiv. Eg kjem iallfall *aldri* til å endra KDE ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes