2001-11-07 12:43:52, Roy-Magne Mo rmo@sunnmore.net:
Eg brukar i såfall den forma, og den er lovleg. Eg ser ikkje det heilt store problemet med å bruke den.
lenke -> (td.) lenkje
lenke er også lovleg,
Ikkje i læreboknormalen. (Dette er berre eit problem viss programmet skal med i Skolelinux.)
Yanko Kaneti -> Янко Канети (sannsynlegvis)
har ikkje unicode i teiknsettet
Meldinga vart heller ikkje sendt med informasjon om kva teiknkoding som vart brukt. Du bør sjekka e-postprogrammet ditt, Herman.
Internet-tilknytning -> Internett-tilknyting
Internet er eit særnamn, stor I og ein t.
Nei, berre 'Internett' er lovlig på norsk, jf. <URL: http://www.sprakrad.no/stat972.htm#internett >. (Det er same fenomen som når me seier 'Stillehavet' og 'Tyskland', sjølv om desse særnamn heiter noko anna på originalspråket.)