Torsdag 2. mai 2002 11:05 skreiv Petter Reinholdtsen:
Jeg fant brått ut at det var på tide å sammenligne hvilke KDE-programmer i vår CVS som er oversatt til bokmål, og hvile som er oversatt til nynorsk. Det er store differanser. Hvorfor er det DET?
Når ting ligg på ulik plass (eller på fleire stader!), er det plasseringa i templates-katalogen som er rett. Feila i bokmålsutgåva kjem av at ingen har flytta på ting når det skulle vore gjort. Dette vert eit problem når malfila vert oppdatert, for då kan ikkje den omsette fila automatisk oppdaterast.
Grunnen til det finst ein del fleire bokmålsprogram i katalogane kdenonbeta og others er at bokmålsomsetjinga ein gong for lenge sidan var 100 % komplett. Desse katalogane inneheld program som er uferdige eller av ymse grunnar ikkje er med i KDE. Bortsett frå enkelte program, er desse prioriterte svært lågt.
Det er mange kdenonbeta/others-omsetjingar som er ufullstendige. Dei meiner eg bør fjernast, for det er liten vits i å halda dei ved like.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes