Den 15.02.2024 22:06, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Leif Halvard Silli skreiv 11.02.2024 20:29:
Nei, nynorskstøtta fungerer som før, og heilt fint. Og ho har fungert i *mange* Android-versjonar. Eg har brukt nynorsk som standardspråk iallfall sidan Android 9, som kom i 2018.
Kva mobilmerke/-modell har du? Eg hadde (fram til i førgårs) Sony Xperia 10 IV. Frå i går, har eg HMD/NOKIA XR21. (Det kan godt henda at eg har hatt andre røynsler (i den duren du omtalar) med tidlegare mobilmodellar — men det hugsar eg ikkje no.)
Eg har ein Fairphone 4 med Android 13. Før hadde eg ein Xiaomi MI A1 med Android 9. Nynorsk var tilgjengeleg på begge.
Svært merkeleg at dette ikkje er likt på dine og mine mobilar.
Kva med den feilmeldinga som Eivind peika på? (Nemleg https://issuetracker.google.com/issues/160714156) Med di positive røynsle, ser du difor kanskje ikkje noko behov for at det blir fiksa - for det er alt i orden?
Kva med BankID-appen? Du har vel dermed, utan problem, teke i bruk BankID-appen på nynorsk, reknar eg med? Jamfør https://bankid.no/bankid-endeleg-paa-nynorsk
Kva er andre folk her på lista si røynsle med å velja nynorsk i BankID-appen?
For min eigen del: På min mobil er det ikkje mogeleg å velja nynorsk for BankID-appen, korkje i systemvalet «appspråk/språk i appen» eller på systemspråknivå.
Sidan du nemner Android 9: Ordbøkene-appen (med Bokmålsordboka og Nynorskordboka) er frå 2021. Den appen støttar ikkje val av «appspråk» (som det står i appen) på systemnivå - du må velja appspråk i ei innstilling inne i appen sjølv. Det at Ordbøkene-appen har implementert målval via den omvegen er kanskje ein indikasjon på at det (generelt) __ikkje__ fungerer slik du seier? Og det same med Firefox: Kvifor har Firefox implement språkval på same måte som Ordbøkene-appen, nemleg direkte i appen sjølv?
Rart om det heiter «Språk i appen» hos deg. Hos meg heiter det
«Appspråk» (og det er ei betre omsetjing). Men denne funksjonen brukar du berre viss du vil overstyra føretrekt språk for enkeltappar (eks. viss du vil ha musikkavspelaren din på spansk, men alle andre program på nynorsk).
Det stod «appspråk» på Sony-en. Men her i Nokia står det «språk i appen».
Ser ut til at omsetjinga vart endra frå «Språk i appen» til «Appspråk» i januar i fjor (23. januar 2023): https://android.googlesource.com/platform/packages/apps/Settings/+/d15061a40...
(Sjå tekststrengen med namn «app_locale_picker_title».)
Så nyare Android-versjonar bør ha «Appspråk» som overskrift.
Interessant. Og bra, i så fall.