Eg har gått laus på kdebase, og har funne nokre ord me kan diskutera:
«(system) bell»: «(system)klokke» er av og til brukt, men kanskje «signal» eller «varsel» er betre?
«applet»: Me har prøvd oss med samlenamnet «miniprogram», til protestar frå ein del Java-kyndige. Eg er ikkje sikker på om me finn eit samlenamn som er bra nok, eller om me treng eit samlenamn i det heile. Appletane i KDE-panelet har eg litt lyst til å kalla for «panelprogram», er det ein god idé?
«shaded»: Når du faldar saman eit vindauge slik at berre tittellinja er synleg, kallar KDE det for «shaded». Me har brukt å «rulla opp» vindauget (som ei rullegardin). Eg er ikkje sikker på om den omsetjinga er så bra. Kva med «falda saman»?
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes