Fredag 21. juli 2006 10:25 skreiv Åsmund Skjæveland:
(Dette er i Ubuntu 6.06, så det er mogleg at feilen ikkje kjem frå Karl Ove, men frå ei tilfeldig vennleg, men ikkje heilt flink nok, sjel i Rosetta.)
Ja, feilen kjem ikkje frå meg. Eg ville aldri gjort slike omsettingsfeil!
At enkeltdistribusjonar vel å øydelegga «omsettingane» slik i deira private utgåver får verta *deira* sak. Heldigvis, får eg vel seia, vert ikkje omsettingar gjort i Rosetta tilgjengelig for brukarar av andre distroar.
(Korleis oppdateringar vert handtert med dette hjernedaude omsettingssystemet deira veit eg ikkje. Er det slik at offisielle omsettingsoppdateringar ikkje vert brukt i Ubuntu?)
I sidestolpefliken «Medieeining» står det:
«Mediaeinings Handterer
Trykk «Kopla til» for å få tilgang til ein montert mediaeining. Dra og slepp filer for å liggje dei i overføringskøen.»
Det skal vel vera (endringar markert med ^):
«Mediaeiningshandsamar ^ ^^^^^ Trykk «Kopla til» for å få tilgang til ei montert mediaeining. Dra og ^ slepp filer for å leggje dei i overføringskøen.» ^
Det er òg fleire feil her. Det heiter «medie-», ikkje «media-» i samansetjingar, og me brukar a-infinitiv i nynorskomsettingar i KDE.
Den offisielle omsettinga, som er, og har vore lenge, å finna i KDEs og Skulelinux’ SVN-arkiv er:
Medieeiningshandsamar Trykk «Kobla til» for å få tilgang til medieeininga, og dra og slepp filene for å leggja dei i overføringskøen.
(Eg ser skrivefeilen med «Kobla» i staden for «Kopla». På nynorsk er berre «Kopla» lovlig, og det er òg namnet på knappen. Om nokon orkar, kan de godt fiksa det i SVN; eg er litt vekkreist denne helga.)