Takker for begge utspela. Her er mykje stoff til ettertanke. Svært ofte er også dei opphavlege namna nokså merkverdige. Som (Karl Ove?) skriv i Språklege retningslinje, så er ofte engelsk andrespråket for dei som føreslår termane. I tillegg er det, i alle fall i LibreOffice, (nesten) uråd under omsetjinga å sjå kva samanheng ordet/orda blir brukte i, noko som gjer omsetjinga vanskelegare og ofte meir unøyaktig/unyansert. Så det er sikkert rom for fleire forbetringar enn dei som er føreslåtte her.
Når eg set om har eg oppe bokmål, dansk, svensk og tysk i tillegg til nynorsk. Lista blir då:
*Bokmål* Emnegrupper Emne enkel Faner/Fliker Kompakte fliker Gruppertlinje Gruppert kompakt
*Dansk* Kontekst grupper Kontekst enkel Faneblade Kompakte faneblade Grupperet-linje Grupperet-linje kompakt
*Svensk* Kontextuella grupper Kontextuell ensam Flikar Kompakta flikar Grupperat fält Kompakt grupperat fält
*Tysk* Kontextabhängig gruppiert Kontextabhängig kompakt In Registern In Registern kompakt Gruppiert Gruppiert kompakt
Sjølv har eg ikkje studert forslaga, får sjå ein dag til veka. Men køyr debatt.
Helsing Kolbjørn
Den 20.01.2019 17:47, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 15.01.2019 23:43:
Sidan dette er komprimerte verktøylinjer, kunne også «kompaktliste», «gruppeliste» eller liknande kanskje også vore brukbare løysingar. I skrivande stund meiner eg «symbolliste», «symbollinje» eller «symbolband» er mest intuitive og dekkande, men er nokså usikker.
Eg ser namna på dei ulike utformingane òg er ganske rare på nynorsk (og engelsk):
*Engelsk*: Contextual groups Contextual Single Tabbed Tabbed Compact Groupedbar Groupedbar Compact
*Nynorsk*: Emnegrupper Emne enkel Faneark Kompakte faneark Gruppertlinje Gruppert kompakt
*Forslag*: Dynamisk – grupper Dynamisk – éi rad Faner – full Faner – éi rad Grupper – full Grupper – kompakt
Dette er berre eit kjapt og ikkje *veldig* gjennomtenkt forslag, så kom gjerne med betre namn.
--- Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus