Karl Ove Hufthammer wrote:
Kolbjrn Stuestl:
Forslaget er ikke dårlig, men jeg synes, som nevnt, «Samlevindu» eller «rammevindu» er mer beskrivende.
Ikkje ute av vegen å bruke desse forslaga. «Samleområde» meiner eg blir litt for diffust. I den aktuelle samanhengen trur eg at eg ville brukt «samlevindu/samlevindauge». Dette fortel litt meir konkret korleis «området» ser ut. Dei fleste er vel også vane med å kalle desse skjermrutene for vindauge.
No forstår eg ikkje. Tidligare beskreiv du det som eit område. No skriv du at det er snakk om eit vindauge. Og i neste setning snakkar du plutselig om ruter.
I brukargrensesnitt er område, vindauge og ruter tre forskjellige ting, som me treng og har tre forskjellige ord for.
Ja, så absolutt. Hugsar ikkje om det er eg som har brukt desse tre orda slik du nemner, men "dokkinga" gjeld i denne samanhengen for vindauge. Det er råd å "dokke" eitt vindauge i eit "samlevindauge" eller andre stader. "Område" var vel eit forslag på namn på der vindauget blei festa, ikkje at området blei festa noien stad. Må visst lese tråden omigjen. Men nå er både samlevindu og forankring ført inn i fellesordlista, så diskusjonen er vel avslutta ;-)
Kan du ikkje legga ut eit bilde av det fenomenet du leitar etter, slik at me kan sjå om det er snakk om vindauge, ruter eller område.
Du finn ein nokså oppdatert versjon på http://docs.gimp.org/no/ Helsing Kolbjørn
-- Karl Ove Hufthammer