Nå har eg lagt ut desse forslaga i omsetjingane for LibreOffice Calc:
CONCAT: KJED.SAMAN IFS: VISS.SANN MINIFS: MINVISS.SANN MAXIFS: MAKSVISS.SANN SWITCH: VEKSLA TEXTJOIN : KJED.SAMAN.TEKST
Omsetjingane er førebels ikkje brukte i offisielle versjonar av LibreOffice, så det er ingen problem å endra desse namna om ønskjeleg. Filosofien er at funksjonar som gjer nokolunde det same har namn som viser at dei høyrer saman. Som du (kanskje) ser, er nokre av forslaga ulike dei eg først kom med takk vere utspela her i forumet. Eg reknar med at dei same namna også blir brukte i bokmål (sjølvsagt med nødvendige språklege endringar). Helsing Kolbjørn
Den 01.07.2016 10:25, Kolbjørn Stuestøl skreiv:
Det har ikkje vore den heilt store reaksjonen på forslaga mine, dvs. ingen reaksjon i det heile. Berre for å få ei avgjerd, legg eg difor inn desse omsetjingane: CONCAT: KJED.SAMAN (er lagt inn) IFS: VISS.SANN MINIFS: MINVISS.SANN MAXIFS: MAKSVISS.SANN SWITCH: VEKSLA TEXTJOIN : KJED.MED.SKILJETEIKN Skulle du ha innvendingar, tar eg gjerne i mot desse her i forumet.
Omsetjingane blir ikkje synlege i LibreOffice før versjon 5.2 kjem ut i løpet av første veka i august. Dette er nye funksjonar som ikkje finst i versjonane før 5.2. Helsing Kolbjørn