Karl Ove Hufthammer skreiv, den 01. nov. 2009 18:15:
Sundag 1. november 2009 skreiv Åsmund Skjæveland:
“Monitor”--fysisk dings som står på skrivebordet og lyser på innfløkt vis “Screen”--grafikken som vert vist på ein monitor, og som X-program kjenner til (programmet veit ingenting om monitoren, men veit kor stor screen det er på (screen kan vera større enn monitoren taklar, ifølge xorg.conf, i så fall vil det rulla automatisk i kantane)) “Display”--Logisk samankopling av inndataeiningar (mus og tastatur) med ein eller fleire “screens”
Eg er ikkje sikker på om eg forstår.
OK, monitor = skjerm = den fysiske skjermen er OK.
Men dei virtuelle skjermflatene, der du for eksempel har eitt tilgjengelig med «Ctrl + Alt + F7» og eit anna på «Ctrl + Alt + F8» (kanskje som ein annan brukar), er det screen eller display?
Og når du har eitt logisk skjermbilde som strekker seg over to skjermar som står ved sidan av kvarandre (for eksempel oppløysing 2048 × 768), kva er det?
Og heilt tilsvarande, når du har same oppsett med to skjermar, men desse viser *ulike* skjermbilde, for eksempel to virtuelle skrivebord, kva er det?
Etter å ha tenkt litt meir lurer eg på om det beste er å vera nøye med å kontrollera kor orda vert brukt kvardagsleg og kor dei vert brukt i X11-tydinga, og så bruka dei uomsett i X11-tyding. Dette er brukt i såpass sære ting (fjerninnlogging over XDMCP) at den jamne brukar ikkje vil vera borti det, og det vil berre forvirra ein sysadmin om han må gjetta kva som er meint med den norske omsetjinga.