Har me eit godt norsk ord for «push notifications»? Her er eit eksempel på ein tekst:
There is a 3rd party push notification service running. Push notifications are available, but cannot be configured here.
I NAOB (deskriptiv ordbok) finn eg faktisk «pushvarsel»: https://naob.no/ordbok/pushvarsel
Men eg likar ikkje ordet. «Push» er jo rein engelsk. Og eg meiner generelt at «varsel» er ei feilomsetjing av «notification», sjølv om det er mykje brukt (på bokmål). Eit «varsel» vert gjeven på førehand (jf. dei offisielle ordbøkene https://ordbokene.no/bm,nn/search?q=varsel&scope=ei), så det rette må vera «varsling» (eller «signal», «melding» e.l.). (Eg har alltid brukt «varsling» i staden for «varsel» i omsetjingane mine.)