Kva er "Picture tubes", "Picture hose", "Image pipes" osv. på norsk. Alle desse engelske orda står for ein fargepensel som kan innehalde fleire bilete og slepp desse ut i tur og orden når du brukar penselen. T.d. pensel med fotspor kan innehalde avtrykk av høgre og venstre fot. Når du brukar penselen, blir desse avtrykka markerte annakvar gong, høgre - venstre - høgre .... Denne penselen har ikkje noe eintydig namn på engelsk heller, men dei fleste går ut på Picture/Image tube/hose/pipe. Meiner å ha sett "bilderør" på norsk, men dette er for meg den skjermen du kanskje ser på nå. "Animert pensel" fører også tankane på ville vegar i høve til bruken av penselen. Finst det noe norsk ord for denne penselen, eller eventuelt noen gode forslag? Kva bruker andre bildebehandlingsprogram? Helsing Kolbjørn Stuestøl
-------------------------------------------------------------------- mail2web - Check your email from the web at http://mail2web.com/ .