Thomas Gramstad skreiv 01. juni 2018 15:40:
I e-posten spurde eg om det var mogleg å få sett opp vidaresending av e-post til listene dersom me flytta dei til ein ny leverandør. Adressene til listene står nemleg veldig mange plassar på nettet, og er til og med innebygd i enkelte program (og kanskje i trykt materiale òg).
Vi kan oppnå videresending slik:
- Sette opp listene (eller ny fellesliste) et annet sted.
- Flytte over alle abonnentene og NB: fjerne alle abonnenter fra
de gamle listene. 3. Føre opp den nye felleslista som eneste abonnent på hver av de gamle listene. 4. Sette opp de gamle listene til å være umodererte og slippe alt de mottar rett gjennom, slik at de bare fungerer som enkle mailaliaser. All spamfiltrering og prosessering skjer på serveren til den nye felleslisten.
Det er jo heilt genialt! Då får me i pose og sekk.
Det vil sjølvsagt berre fungera så lenge listene på PING fungerer (og erfaringsmessig sluttar dei å fungera frå tid til anna), men det er iallfall ei god løysing på kort sikt. Og kvar gong det kjem ein e-post som har gått gjennom det gamle systemet, får me finna ut korfor (eks. at den gamle adressa var opplyst på ei nettside) og prøva å retta opp i dette, slik at han neste gong går direkte til den nye lista.
Synspunkt?
Enig i alt dette.
Jeg kan høre med NUUG om listen(e) kan flytte inn på Mailman-installasjonen på lists.nuug.no. Denne installasjonen blir vedlikeholdt, og jeg har selv flere lister der. Og vil da kunne påta meg å være en av listeadministratorene for felleslista. (Er allerede en av admins for nordsamisk-lista.)
Det høyrest i utgangspunktet greitt ut. Men kan du seia noko om kor varig dette vil vera? Vil NUUG *og* listesystemet truleg vera i drift (med same adresse) om 10 år? 20 år? Kva er bussfaktoren¹?
Elles var eg ganske negativ til Mailman i ein tidlegare e-post, då Mailman ser og kjennest håplaust gammaldags ut (sjølv om det fungerer teknisk sett greitt nok). Men no ser eg nye Mailman (3+) har fått eit veldig mykje betre, meir elegant listearkiv. Demo på:
Oversikt over lister: https://lists.fedoraproject.org/archives/ Arkiv for ei liste: https://lists.fedoraproject.org/archives/list/users@lists.fedoraproject.org/
Ein skal visstnok òg kunna svara på innlegg direkte frå arkivgrensesnittet, slik at det kan brukast som eit vevforum (og samtidig ei tradisjonell e-postliste).
Men eg ser Mailman-installasjonen på NUUG er ein gammal versjon (frå september 2006 faktisk!). *Vert* han faktisk vedlikehalden? Og har han fått manuelle tryggleiksoppdateringar? Det har jo vore funne fleire tryggleiksfeil i Mailman sidan 2006. Og til og med versjonen me køyrer listene på no (hos PING) er nyare (frå 2009).
¹ https://en.wikipedia.org/wiki/Bus_factor