On 25. mars 2015 13:38, Kolbjørn Stuestøl wrote:
GGREGATE(1;;A1:A10) ser ut til å gjere det same som GJENNOMSNITT(A1:A10) AGGREGATE(5;;A1:A10) = MIN() AGGREGATE(14;;A1:A10;3) = N.STØRST() (Finn her den 3. største verdien) osv. (Kva argument 2 gjer, har eg ikkje funne ut av førebels).
Argument 2 bestemmer kva type verdiar funksjonen skal ignorera. Dette er heile poenget med å bruka AGGREGATE i staden for AVERAGE, MIN, MAX osv. Dei funksjonane returnerer feil viss for eksempel nokre av cellene har feilverdiar. Men med AGGREGATE kan ein velja å ignorera feilverdiar, gøymde rader og anna.
Det er sjølvsagt teoretisk ein heilt unyttig funksjon, og det er vel historiske grunnar til at han vart til. Dvs., ein kunne nok ikkje endra definisjonen av ein gammal funksjon som MAX med nye argument, så derfor laga ein denne nødløysinga. (Ein kan ogso tenka seg tilfelle der kva samandragsfunksjon som skal køyrast på eit sett data vert definert via ein formel, men det er eit litt søkt eksempel, og ikkje eit argument for å laga ein slik funksjon.)