Axel Bojer axelb@skolelinux.no skreiv i innlegget news:200410222311.45266.axelb@skolelinux.no:
Altso vil «tekstbehandlar» og «skriveprogram» sjeldan brukast til å *skilja* mellom to forskjellige program; dei vil heller vera naturlige ord å bruk på dei to forskjellige programtypane.
Hvis det du sier er rett, så er det et argument for ikke å bry seg om å ha ulike ord, men slå de to sammen, siden alså sammenhengen ordet brukes i forklarer hva som menes.
Nei. Det er framleis snakk om to heilt forskjellige typar program, og i nokre tilfelle vil orda brukast til å skilja mellom dei. Det eg seier er at me ikkje bør overdramatisera problemet med mistydingar som kan oppstå.
For samanlikningas skyld kan ein godt sjå på ordpara klesskap og kjøleskap. Sjølv om begge orda beskriv «skap», vil det (sjølvsagt) aldri oppstå forvirring i praksis. Likevel er det greitt å ha to forskjellige ord på desse omgrepa!
Og ja, mitt syn er at orda tekstbehandlar og skriveprogram er fullt ut brukbare, sjølv om dei ikkje er perfekte. Det får me leva med. Når USA-narar klarar det (med sine text editors og word processors, som ein godt kan argumentera for at betyr det same), klarar nok me det òg!