Petter Reinholdtsen skreiv 28.03.2021 16:27:
- Du kan trykkja på ein brytar for å opna eller lukka han, og du kan
endra reguleringsmotstanden i ein regulerbar motstand ved å dra glidebrytaren. "reguleringsmotstanden" kan forenkles til bare "motstanden"
Tror de heter dreiemotstand på norsk, eller variabel motstand, se <URL:https://www.fybikon.no/datalogging-vernier/tilbehor-vernier/dreiemotstand-ve... >. Merk, dette var en veldig dyr variant.
Er dreiemotstand ein generell term eller berre spesifikt for motstandar der du regulerer resistansen ved å *dreia*, altså med eit hjul eller liknande? Eg finn òg treff på skyvemotstand, som verkar å vera det lineære motstykket.
Termen «regulerbar motstand» fann eg forresten på https://snl.no/reostat_-_elektrisitetsl%C3%A6re:
Reostat er en eldre betegnelse på en regulerbar motstand.
Men «variabel mostand» verkar bra, og gjev fleire relevante treff på nettet. For eksempel her, med ein komponent som liknar på den i GCompris: https://www.fybikon.no/fysikk/elektrisitet/kretskomponenter/stromkretskompon...
Så eg endrar «regulerbar motstand» til «variabel motstand».