Finst det eit (typografisk) omgrep på norsk for "Page line-spacing"?
Frå hjelpteksten for LibreOffice: "/Page line-spacing//refers to the coincident imprint of the lines within a type area on the front and the back side of a page. The //page line-spacing//feature makes a page easier to read by preventing gray shadows from shining through between the lines of text. The //page line-spacing//term also refers to lines in adjacent text columns, where lines in different columns use the same vertical grid, thereby aligning them vertically with each other./"
På tynt papir vil linjene på motsett side av ei dobbeltsidig utskrift skine igjennom arket og vere meir eller mindre synlege på den andre sida. "Page line-spacing" går ut på å justere linjene opp og ned i ei dobbeltsidig utskrift slik at linjene på begge sidene av arket «treff» kvarandre for å gjere gjennomslaget av linjene på motsett side mindre synleg.
Så lenge omgrepet er definert, går det vel an å bruke «sidelinjeavstand», men kjekkare å bruke ein fagterm dersom denne finst. («Sidelinjeavstand» seier vel elles ikkje så mykje om kva dette går ut på).
Det er også ein kommando: "Page line-spacing (register-true)" som eg ikkje finn ut av. På dansk er dette omsett med «Side-linjeafstand (hold register)». Eg finn ingen definisjon eller forklaring på "register-true".
Helsing Kolbjørn