I LibreOffice (versjon 5.1 og kanskje tidlegare) er det to verktøylinjer med namnet «Legacy» i: «Legacy Rectangles» og «Legacy Circles and Ovals». (Vis -> Verktøylinjer -> Legacy …).
«Legacy Rectangles» lagar kvadrat og rektangel med eller utan avrunda hjørne, fylt eller berre omrisset. Med «Legacy Circles and Ovals» kan ein teikna sirklar og ellipsar, fylt eller berre omriss. Verktøyet kan også brukast for å laga fylte eller ikkje fylte sektorar, segment og bogar. Alle verktøya kan sjølvsagt lage figurar i valfri storleik.
Det finst også ei anna verktøylinje som inneheld dei same figurane, men då berre i fylt utgåve. Denne verktøylinja er kalla «Enkle former», figurane «rektangel», «ellipse» osv.
Førebels har eg omsett «Legacy» med «Valfrie», men er i tvil. Trengst det eigentleg omsetjing av ordet? Vil «Sirklar og ovalar/ellipsar» og «Rektangel» vere nok?
Har «Legacy» i denne samanhengen ei tyding eg ikkje veit om? Eg veit at det i dataverda blir brukt om utrangerte program, men «Utrangerte rektangel» passar ikkje heilt her ;-).
Vurderte også «Tradisjonelle rektangel / sirklar», men finst det utradisjonelle utgåver av desse figurane?
Takksam for hjelp og tips.
Helsing Kolbjørn Stuestøl