Sitat:
"Med andre ord, skal me skriva «malane kan verta overstyrte av …»
eller «malane kan verta overstyrde av …»?"
Eg kunne ikkje tenkt meg å skriva nokon av delane, men ville ha sagt: «... kan overstyra malane.»
mvh. Oddmund Utskarpen
----- Original Message ----- From: "Karl Ove Hufthammer" karl@huftis.org To: i18n-nn@lister.ping.uio.no Sent: Thursday, August 21, 2008 3:50 PM Subject: Re: [i18n-nn] -te eller -de i perf-part-adjektiv
Åsmund Skjæveland:
Karl Ove Hufthammer skreiv:
Føretrekker me «-te» eller «-de» i perfektum partisipp i adjektivform? Med andre ord, skal me skriva «malane kan verta overstyrte av …» eller «malane kan verta overstyrde av …»? Det er valfritt, òg i læreboknormalen?
+1 -de
Eg trur ikkje eg er konsekvent på dette, særleg det eldste eg har gjort inneheld truleg ein del stilfeil med vekslingar mellom slikt.
Eg har lagd inn denne grunnregelen i retningslinjene våre, saman med dei to unntaka «å slå – slått» og «å heva – heva» (ikkje «hevd(e)»). Me kan alltids legga inn fleire unntak, om det skulle vera nødvendig. Dette er ikkje noko me treng vera konsekvente på (og det er fleire ord som har anten obligatorisk -de eller -te, slik at veksling ikkje vil sjå inkonsekvent ut).
I dei gamle omsettingane til KDE er det ikkje konsekvens på dette, men me rettar etterkvart som me omset og korrekturles filene. Det er for øvrig òg veldig mykje mangel på fullstending samsvarsbøying i dei gamle omsettingane. Omsettingane er altso gjerne korrekt nynorsk, men berre etter nynorsknormalen, og ikkje etter den strengare læreboknormalen.
-- Karl Ove Hufthammer
E-postlista i18n-nn i18n-nn@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-nn