On Tue, Nov 06, 2001 at 03:21:33PM +0100, Karl Ove Hufthammer wrote:
Kva skal med omsetja 'tab' til? Det er ikkje snakk om tabulatorar, men heller desse flikane som deler ein dialogboks (eller eit program med MDI-grensensnitt) inn i fleire «sider». Desse finst og ikkje-elektronisk format, på skiljeark i permar og arkivskap.
Eg trur danskane snakkar om 'faneblade', og eg har sett 'arkfane' på norsk. Microsoft brukar 'kategori', men dette passar ikkje alle plassar. Førebels har eg brukt 'arkfane'.
Eg har brukt fane i galeon, og synest det fungerar veldig bra.
Du finn omsetjinga på <URL: http://developer.gnome.org/projects/gtp/status/stable/po/galeon-nn.po >
Du finn sikkert mange like strengar her, om du skal bruke dei i mozilla.
Prøv den gjerne og kom med tilbakemeldingar.