Hei!
På tide at fellesordlista vår (https://l10n-no.gitlab.io/l10n-no-dok/nb/Fellesordl.eng-no.html) får seg ein revisjon. Eg ser det er mykje gammalt og dels rart der.
Noko er utdatert, og noko har vel aldri vore aktuelt. Nokre ord ser ut til å vera henta frå eitt spesifikt (historisk) program. Det er òg ein del ord som heller høyrer heime i vanlege engelsk–norsk-ordlister, ikkje i fellesordlista. Eg meiner ordlista kan gjerast kortare og meir nyttig.
Føreslår at me tar éin forbokstav om gongen. Eg lagar forslag som me kan diskutera. Her er forslaga mine for orda som begynner på A:
https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/merge_requests/9/diffs
Har de konto på GitLab, kan de kommentera direkte der. Elles kan de kommentera her på lista.
Eg har spesielt prøvd å ta vekk lite aktuelle ord og omsetjingar. Tar òg vekk unødvendige variantar (når verbet «abort» vert omsett til «avbryte», treng me ikkje eksplisitt seia at «aborted» blir til «avbrutt» – det seier seg sjølv). Har mange plassar sjekka kva ord som faktisk er i bruk i omsetjingane våre.