Hei!
Har dessverre triste nyheiter om denne e-postlista, l10n-no.
Eg har sidan 2020 hatt lista køyrande på mitt eige domene, og som erstatning for dei tidlegare norske i18n-listene (i18n-no, i18n-nn, i18n-nb, i18n-sme). Men no har e-postleverandøren min varsla at dei frå 21. juli i år ikkje lenger vil tilby diskusjonslister (ja, det var veldig kort varsel!).
Denne lista vert derfor snart lagd ned. Eller helst flytta. Så spørsmålet er om det er nokon som kan husa e-postlista? Helst på nokolunde moderne arkitektur (eks. Mailman 3?) og over lang tid (så me slepp å flytta igjen med det første). Eg kan henta ut komplett listearkiv og medlemsliste. Eg har òg arkiv for dei eldre i18n-listene liggande.