Den 18.06.2018 22:03, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 01. juni 2018 23:35:
Takkar for svaret. Var inne på tanken om å bruke ombrekkbar (jfr. dansk), men trudde dette var ein låst prosess, altså at typografen bygde om ei statisk side til ei ny statisk side. Men eg har ingen problem med å bruke omgrepet i den aktuelle samanhengen. Når/viss Fellesordlista blir i orden igjen, kan nemninga eventuelt førast inn der med ei forklaring?
Eg har no lagt inn ordet (utan utdjupande forklaring – det pleier me ikkje ha) i Fellesordlista: http://svn.skolelinux.no/websvn/diff.php?repname=skolelinux&path=%2Ftrun...
Takkar. Eg bruker lista frå adressa http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html#C då eg finn denne lista enklare å finne fram i. Er det råd å oppdatere denne også? Kunne godt tenke meg at lista blir i denne forma også ved eventuell nylaging/overføring.
Eit anna spørsmål: Dersom lista først skal omarbeidast, kunne ho bli ei fellesordliste for både bokmål og nynorsk?
Med forklaring tenkte eg helst på bruksområdet dersom det opphavlege ordet blir brukt i fleire samanhengar. Er kanskje ikkje aktuelt i dette tilfellet. "Reflower" av loddetinn er vel lite brukt i denne delen av dataverda? :-) Helsing Kolbjørn
--- Denne e-posten har blitt sjekket for virus av antivirusprogramvare fra Avast https://www.avast.com/antivirus