[Knut Yrvin]:
fredag 4. juli 2003, 22:20, skrev Kjetil Torgrim Homme:
eg synest "kontekstmeny" er OK. sjølv om "kontekst" strengt teke er eit lånord, er det godt innarbeida i norsk, og neppe mindre forståeleg enn "omgivelse". vi snakkar allereie om ein "skrivebordomgivelse" (gjer vi ikkje?),
Jeg tror elever f.eks. i femteklasse enklere forstår ordet «omgivelse» framfor «kontekst». Begrunnelsen gir du selv ved at «kontekst» er et låneord :-)
velvel, i den alderen syntest eg sjølv det var gjevt å lære nye framandord i Donald. "kujon" og "prioritere" er to av dei orda eg plukka opp derifrå. eg kan uansett ikkje seie at eg synest "omgjevnad" er eit noko mindre vanskeleg ord enn "kontekst".
eg tok Google-testen:
omgivelse 790 omgivelsen 370 omgivelser 32500 omgivelsene 24300
kontekst 14800 konteksten 4800 kontekster 2350 kontekstene 292
her synest eg det på sin plass å nemne at "omgivelse" i denne samanhengen må tolkast abstrakt, medan brorparten av treffa i Google, altså fleirtalsformene, er konkrete. "kontekst" er alltid abstrakt, og har same tyding her som ein er vant til frå andre stadar.