On 21 Oct 2016, at 21:39, Karl Ove Hufthammer wrote:
Hei!
I dei fleste nokolunde avanserte teikneprogram kan ein velja korleis linjer skal teiknast. Når ei linje er tjukk, vert ho jo ein todimensjonal figur og ikkje berre ein «strek». Men kva skal me kalla dei ulike måtane å teikna opp linjer på på norsk?
Første aktuelle omgrep «(line) cap». Dette er enden av ei linje. Det er vanlegvis tre måtar endane kan teiknast på, «butt», «round» og «square». Sjå https://www.w3.org/TR/svg-strokes/#LineCaps for ein illustrasjon på kva dette tyder.
Først, kva skal me kalla «cap» eller «line cap» på norsk?
Eg vonar eg ikkje vert saga no, som svenskane seier, men kva med «kapp»? Eventuelt «kapping»?