Eg har lenge tenkt på å laga nokre små videoar som viser korleis omsetjing fungerer i praksis. Eg trur det er lettare (og kjekkare!) å læra av videoar enn av lange tekstforklaringar.
No har er endeleg fått prøvd å snikra saman nokre testvideoar (med vekt på /test/): https://huftis.org/kritikk/omsetjingsvideoar/ (Videoane er spelte inn i full HD, så sjå dei gjerne i fullskjermsmodus for høgast kvalitet.)
Eg er interessert i tilbakemeldingar på om dette faktisk er ein god idé og om kva som fungerer bra og mindre bra i testvideoane.
Det eg tenker om nye/framtidige videoar:
* Me bør ha videoar om både generelle konsept (ikkje spesifikt til eitt program) og om korleis ein brukar spesifikt Lokalize. * Kvar video bør vera rimeleg kort (iallfall under 10 minutt). * Til saman bør videoane dekka det meste av det /tekniske/ ein bør kunna, både elementære og meir avanserte ting.
Andre tankar?
Den langsiktige planen er å ha ei side på https://l10n.no/ der ein kan sjå (dei framtidige) videoane. Det er vel ikkje så lurt å ha videofiler i Git, så dei bør vel teknisk sett ligga ein annan plass. Er det kanskje ein PeerTube-instans som kan passa?