Alt ser rett ut hos meg (KDE 4 Trunk), so som vanlig er det nok ei feilomsetting i Launchpad. Det har *veldig* lite for seg å bruka Kubuntu eller Ubuntu dersom du ønskjer Linux på (rett/bra) norsk.
Einig med alle talarar so langt. Eg har prøvd å gjera mitt i Launchpad, men gjekk lei, og difor er eg her i staden for.
Etter mitt syn bør me (og alle andre) leggje litt innsats i å få Ubuntu betre, fordi mange startar der ("Gentoo til deg og Ubuntu til bessmora di"). Det er gjerne der dei møter fri, nynorsk programvare for fyrste gong.
Eit kanskje dumt spørsmål: Kan me løyse problemet ved å omgå heile Launchpad, dvs. spreng-omsetja pakker oppstraums, før dei kjem so langt som til Launchpad? Det er eg i so fall med på!
Beste helsing
Eivind
_________________________________________________________ Alt i ett. Få Yahoo! Mail med adressekartotek, kalender og notisblokk. http://no.mail.yahoo.com