Finst det norske ord for "markup" og "markup language"? Eg kjenner koden mellom anna frå HTML og XML, men der trengst ikkje omsetjing. Vi bruker forkortingane.
I LibreOffice Math, som er eit program for å skrive inn matematiske formlar kan eg skrive inn "markup-en" %ALFA i redigeringsvindauget. Dette blir i visingsvindauget vist som stor, gresk alfa.
Språket blir kalla "Markup language". Koden "markup". "Markup-en" «%pi simeq 3,14» vil skrive ut «pi er tilnærma lik 3,14» med dei rette matematiske teikna. (Fann ikkje dei rette kodene i e-postprogrammet mitt).
Førebels har eg brukt «kodespråk» og «kode», som sikkert er nøy nok i dette tilfellet, men dersom det finst andre ord for dett, vil eg jo helst bruke desse. Søk på nettet gav ikkje noe tilfredsstillande resultat. Det næraste eg kom var «markeringsspråk».
Helsing Kolbjørn Stuestøl