On 6 Nov 01, at 15:21, Karl Ove Hufthammer wrote:
2001-11-06 10:41:03, "Jon Grepstad" GREPSTAD@sprakrad.no:
On 5 Nov 01, at 14:36, Karl Ove Hufthammer wrote:
t- eller d-endingar? Eks. øydelagt eller øydelagd, ukjent eller ukjend
Dette har med samsvarsbøying å gjere. Held ein seg til læreboknornmalen, må ein bruke full samsvarsbøying. Systemet er forklart i nynorske ordlister, t.d. Helleviks ordliste, som Samlaget gjev ut.
Uff, dette var komplisert ... Men eg trur eg forsto det meste. Det heiter altså 'ein øydelagd katalog' men 'eit øydelagt program'.
Ja.
Førebels manuskriptet om full samsvarsbøying har eg lagt ut her:
Takk!
Men eg håpar det komplette kurset vil vera tilgjengelig i eit meir normalt format. Eg såg på kjelda, og det var ærlig talt noko av det verste eg har sett.
Det blir lagt ut i html-format. Eg saksa berre dei akrtuelle avsnitta frå manus og lagra det automatisk i html-format frå Word 2000. Difor er kjelda som ho er.
Jon Grepstad
Jon Grepstad informasjonsrådgjevar / Information Adviser Norsk språkråd / The Norwegian Language Council Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo Tlf./Phone (+ 47) 24 14 03 50 Faks/Fax (+ 47) 24 14 03 51