Tysdag 04 november 2008 skreiv Eivind:
Eit kanskje dumt spørsmål: Kan me løyse problemet ved å omgå heile Launchpad, dvs. spreng-omsetja pakker oppstraums, før dei kjem so langt som til Launchpad?
Nei, Launchpad overstyrer dei offisielle omsettingane. Dette er kanskje hovudproblemet, og er grunnen til at programma i Ubuntu kan ha alvorlige feilomsettingar i åresvis (til evig tid) som ingen andre distroar har.
k3B er eit fint eksempel. Det er ikkje fullstendig omsett til nynorsk i KDE, men nok til at det er brukandes. Men Kubuntu-versjonen er fullstendig håplaus. Enkelte plassar er faktisk den engelske teksten omsett til noko som tyder det stikk motsette! Og sånn vil det halda fram med å vera, viss ingen tek seg god tid til å retta opp alt (ei tid som kunne vore mykje meir effektivt brukt på å gjera dei offisielle omsettingane betre og meir komplette).
Det er eg i so fall med på!
Nye KDE-omsettar er alltid velkomne! Det er berre setja i gang! Instruksar finn du på http://article.gmane.org/gmane.comp.internationalization.norwegian/5529/