Den 01.05.2012 22:57, skreiv Sam Wilson:
Hva med "strekk" eller "bøy" eller noe i den retningen? Synes det blir litt rart å kalle det for "bur", men cage høres også litt rart ut på engelsk synes jeg.
Sam M W
Tar i mot alle forslag med takk. Både strekk og bøy er i bruk andre stader i programmet, men eg trur ikkje det vil føre til problem om desse eller noe i same gate, blir brukt. Eitt eller anna med deformering kanskje. (Også brukt andre stader). Kanskje dette er problemet: At dei gode nemningane er tatt i bruk tidlegare. Er einig i at nemninga er merkeleg i originalen, men forstår jo tankebanen: Du teiknar eit bur på bildet og deformerer dette buret og alt som er inni. Men er dette logisk for den vanlege brukaren av eit bildeprogram? Kolbjørn
Date: Tue, 1 May 2012 22:44:48 +0200 From: kolbjoern@stuestoel.no To: i18n-no@lister.ping.uio.no Subject: [i18n-no] Cage transform
Kva skal vi kalle verktøyet «Cage» / «Cage transform»?
Funksjon: /Blir brukt til å deformere deler av eit bilde ved at ein teiknar ein bane (strek) rundt området som skal deformerast ved å avsetje punkt kvar gong retningen til banen endrar seg. Når banen (streken) er slutta, dvs. komen tilbake til utgangspunktet, kan ein flytte dei ulike punkta i alle retningar for å lage deformasjonen./
Det er eit verktøy som kjem i versjon 2.8 av bildeprogrammet GIMP. I Photoshop blir eit tilsvarande verktøy kalla "Free Transform Tool".
GIMP har andre verktøy i tillegg for å transformere bilde i ulike former. Desse har fått namn etter funksjonen: forskyvingsverktøyet, perspektivverktøyet osv.
Bør vi halde på denne tradisjonen og kalle det «Transformeringsverktøyet» eller bør vi rett og slett omsetje ordrett til «bur» eller noe liknande? Eigentleg er eg tilhengjar av korte ord, men dei må vel fortelje brukarane noe også.
På tysk og fransk har dei vald å bruke «bur» (dvs. «Käfig», «la cage»). Namnet på funksjonen er førebels (pr. 29.5.2012) ikkje omsett til bokmål, svensk og dansk.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
_______________________________________________ i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no