L.Cecilie Wian skreiv 28.04.2020 13:24:
...mens jeg misliker "linje"-delen. Fordi linje ikke gir den samme assosiasiasjonen til et sted du finner noe. Inneholder linjer noe? Panel er et sted hvor ting, for eksempel knapper er samlet.
Eg ser poenget, med at ein med «linje» kanskje tenker på noko tynnare. Men det er ganske etablert på norsk, med for eksempel «verktøylinje» og «oppgåvelinje».
Viss dei er loddrette, brukar me gjerne «stolpe» på norsk («sidebar» → «sidestolpe»), sjølv om det òg er noko ein i *utgangspunktet* skulle tru vart ganske smalt.
Me brukar òg «panel» i norsk dataspråk, men då er det helst snakk om større flater.
Nokre nye program har òg erstatta verktøylinjer med større flater med ulike kontrollar. Desse flatene har fått det, etter mi meining, dårlege namnet «ribbon» på engelsk. På norsk vert det kalla «band» («bånd» på bokmål).