* axelb@skolelinux.no (2006-03-15 22:16):
Ok, men i synonymoredlister er det alltid grunnformene som er listet opp, så hvis vi skal legge inn synonymer, mener jeg det er rett å lage bare synonymer til grunnformen. Problemet kan vel bli at synonymer til bil og til bilen (som da bør bli de samme, nemlig synonymer til bil) ikke vil «vite om hverandre», eller gjør root-feltet at slike kobles sammen på noe vis?
Root-feltet spesifiserer grunnforma av ordet, dvs den som blir ført opp i ordlister. Problemet er at ulike ord kan ha same grunnform.
Ta til dømes "hoppet" (bokmål) som har grunnforma "hoppe". "Hoppe" er grunnforma av to ord, mellom anna eit substantiv med synonym "merr". "Hoppet" vil altså få synonymet "merr".
Eller ta "stakk" (bokmål), det er ei bøyingsform av tre ord, dvs at det har tre grunnformer. Då må det slåast opp synonym frå alle grunnformene (stakk, stakke, stikke). Og igjen kjem problemet frå førre punkt, ei av grunnformene ("stikke") er identisk med grunnforma til substantivet "stikke", så "stakk" vil mellom anna få synonymet "pinne".
Dersom ein tek ordklassar og bøyingar med i vurderinga, får ein færre samantreff, men likevel ville til dømes "hang" fått synonymet "henrettet", og den feilen er det ikkje sikkert at alle brukarar ville ha oppdaga.
Erik