Onsdag 20. november 2002 15:07 skreiv Åsmund Skjæveland:
Eg har lyst til å vera med og omsetja fri mjukvare til nynorsk. Av omsyn til vekttalskverna vil eg helst ha noko som ikkje må vera ferdig omsett til i går. Eg ser på framdriftsplanen for omsetjing (som av ein eller annan grunn ligg på developer.skulelinux.no i staden for i18n.skulelinux.no (og strengt tatt er i18n prosessen med å gjera eit program i stand til å bruka fleire språk og ulike lokale tilpassingar, medan l10n er sjølve omsetjinga og den lokale tilpassinga (men kven bryr seg))) at nynorske hjelpetekstar er nokså forsømde, so eg kan jo hiva meg på her, t.d. på Konqueror eller kstars eller gperiodic eller noko slikt. Eg har lite bandbreidde tilgjengeleg for tida, så det blir litt vanskeleg for meg å vera 100% oppdatert på alle programma heile tida.
Nydeleg. Dersom du har Linux og KBabel på maskina, er du alt godt hjelpen.
Det er ein fordel om du brukar CVS til å lasta ned og opp omsetjingar. Dersom bandbreidda er veldig avgrensa, kan du likevel lasta ned enkeltfiler og senda dei ferdige omsetjingane til meg etterpå. Du finn til dømes Konqueror-hjelpefila (konqueror.pot) her: URL:http://developer.skulelinux.no/cgi-bin/viewcvs.cgi/skolelinux/i18n/head-kde-i18n/templates/docs/kdebase/
Meir om CVS finn du her: URL:http://developer.skulelinux.no/cvsusage.html URL:http://i18n.skulelinux.no/cvs-123.html
Annan litteratur: Omsetjarhandboka, URL:http://i18n.skolelinux.no/handbok/index.html Språklege retningslinjer, URL:http://i18n.skolelinux.no/retningslinjer.html
Spør om du lurar på noko!
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes